• Full kontroll på hunden i alle situasjonar!

Kva er Linelåsen?

Kort fortalt er Linelåsen ein nøye designa og støypt låsemekanisme, festa i beltet eller anna hempe via ein karabinkrok, som du kan låse lina/bandet til hunden i slik at du får hendene fri og ikkje mister hunden utan kontroll.
Linelåsen held hunden låst til deg gjennom lina/bandet utan at du treng halde hunden på anna måte. Den er strekktesta, og testa på dei fleste sporliner som er på markedet.

"Dette var dingsen jeg ikke visste jeg trengte før jeg fikk prøvd den"

Sitat frå utstyrstest i bladet "Jakt" nr. 8 2024.

Pål S. Jensen/Jakt

Utstyrstest i bladet Jakt 8/2024 - Full kontroll på hunden

Sjå video av Linelåsen i bruk

Kvardagsbruk av Linelåsen - pakke inn og ut av bilen med begge hender og hunden i Linelåsen

Kvardagsbruk med Linelåsen - Åpne vanskelege grinder med begge hender!

Historia bak Linelåsen


Som ettersøksjeger etter skadd vilt på Vestlandet har eg stort behov for å ha begge hender fri til dømes når eg kjem i skotsituasjon. Då er det greitt å sleppe å leite etter eit tre å feste hunden i, eller å måtte trampe på sporlina og være redd for at lina skal skli under skosåla.
Eg trengte ei løysing for å feste hunden raskt og trygt når eg skulle avlive viltet, og leita etter eit produkt til å hjelpe meg i den situasjonen. Det fann eg ikkje, så då måtte eg lage det sjølv. Etter mykje prøving og feiling, 3D-teikning og -printing, har eg etter 5 år fått produsert eit produkt eg kan stå inne for og som kan hjelpe andre i same bransje.

Følg også Linelåsen på Instagram for meir bilder, film og kommentarar. Der finn du og tilbakemeldingar vi får, hugs å tagge @linelåsen

Så kven har eigentleg bruk for Linelåsen?

Svaret er: Alle med hund!
Du som er hundeinstruktør eller trener eigen hund.
Du som har verdens beste turkamerat på fire bein.
Du som er ettersøksjeger eller som har jakthund.
Du som trener blodspor og deltek på sporprøver.
Du som driv med hundeutstilling.
Du som liker å bruke langline når du går på tur med hunden.
Du som har med barnevogn og hund.
Du med stor hund og du med liten hund.
Linelåsen kan du bruke på flate og runde hundebånd, langliner, hundekobbel og sporliner. Det viktigaste er at du fester kroken i ei hempe som tåler rykk og drag, for Linelåsen held!

Linelaasen.com er eigd av
Dvergsdal krankontroll AS org.nr. 827 590 592
Tlf: +47 95 04 76 40 e-post: linelaasen@gmail.com

Logoen til Linelåsen er laget av Hilton Design.