Kjøpsvilkår

Sals- og leveringsvilkår

Anvending:
Desse vilkåra gjeld alt sal fra Linelaasen.com, så lenge ikkje anna er skriftleg avtalt mellom partane før varelevering.

Definisjon kjøpar:
Med kjøper meinast i dette dokumentet den person eller instans som bestiller varen frå Linelaasen.com

Prisar:
Alle priser er oppgitt i norske kroner. Til privatpersonar er alle priser oppgitt inkl. mva.

Bestillings- og avtaleprosessen:
Kjøper sin bestilling er bindande når bestillinga er registrert i vårt system.
Kjøper har rett til å heve kjøpet i medhald til lov om angrerett, sjå eiga avsnitt.

Når vi mottek bestillinga, vil vi stadfeste ordra og automatisk sende ei stadfesting. Du må kontrollere stadfestinga når du mottek den at den er i samsvar med bestillinga di.

Informasjon gitt i vår nettbutikk:
Vi legg vekt på å gje våre kundar så korrekt informasjon om våre produkt som mogleg. Vi tek atterhald om at skrivefeil eller tekniske feil i tekst, priser og bilete kan hende, noko som kan medføre at vi ikkje kan levere i samsvar med opplysingar i vår nettbutikk, vår marknadsføring eller på anna måte.

Videre tek vi atterhald for rett til å kansellere ein bestilling eller del av denne, viss varen er utseld. Om dette skulle skje, vil kjøpar få beskjed om dette, eventuelt saman med informasjon om kva vi kan tilby i staden. Kjøper vil ha moglegheit til å akseptere vårt nye tilbod med dei endringar vi angir i samsvar med bestilling, eller å kansellere bestillinga.

Ordrens gyldigheit:
Ein ordre er gyldig når stadfesting av ordre er motteken. Stadfesting sendast pr. e-post. Ved stadfesting av ordre er det implisitt gjeve at kjøpar godtek å følgje Linelaasen.com sine salsvilkår Ei ordre/bestilling er gyldig inntil varen er levert, varen er avbestilt eller Linelaasen.com skriftleg pr. e-post kansellerer ordren.

Frakt og sending:
Varer til privatpersonar sendast som servicepakke eller brev, såframt det er praktisk mogleg.

Alle firma vil normalt få 15 dagar kreditt. Linelaasen.com vel normalt billigaste fraktmåte (som oftast Posten), men står fritt til å velgje anna transportør viss det ikkje er praktisk mogleg å bruke Posten. Kjøpar kan og spesifisere ønsk fraktmåte, eventuelt meirkostnadar ved dette må dekkast av kjøpar.

Alle kostnadar i samband med frakt betalast av kjøper.

Betaling/kreditt:
Ved kredittsal vert deg gjeve 10 dagar kredittid. Det sendast berre ut ein purring for kredittsal før kravet sendast til inkasso. Morarenter og purregebyr vert berekna til ein kvar tid til maksimum av gjeldande reglar for dette.

Salspant:
Linelaasen.com har salspant i dei leverte varene til kjøpesummen inkludert renter og kostnader er betalt i sin heilheit.

Leveringstid:
Varer på lager leverast normalt same eller påfølgande dag. I tillegg kjem frakttid (normalt 1-4 dagar innan Norge). Om varen er utseld, vil den bli sendt så snart den er på lager, eller etter nærare avtale.

Undersøking av produkt.:
Etter at kjøpar har motteke varene bør hen undersøke om leveransen er i samsvar med ordren, om produkta er blitt skadd under transporten, eller om produkta elles ha feil eller manglar.

Manglar i leveransen:
Viss leveransen ikkje inneheld alle varene kjøpar har bestilt, eller kjøpar har fått levert feil vare, ber vi kjøpar ta kontakt med Linelaasen.com snarast mogleg, så vi får retta opp feilen viss dette er seljar sitt ansvar.

Manglar eller feil ved produktet:
Vert det oppdaga eventuelle feil eller manglar ved eit produkt som ikkje skuldas kjøpar eller forhold på kjøpar si side, kan kjøpar velgje å få retta manglane eller krevje prisavslag. Eventuelle manglar må meldast i frå om så fort de oppdagast.

Regler for retur av defekt vare / vare med manglar:
Defekt vare må returnerast snarast etter mottak, seinast innan 2 månader. Siste frist for reklamasjon er 2 år etter mottak av varen (5 år dersom produktet ved vanlig bruk er ment å vare vesentleg lengre enn 2 år)
Varene må tilbakeleverast i den stand dei blei motteken.

Vare må returnerast i originalemballasje og pakkes inn i gråpapir som sendes som Norgespakke.

Sjå meir informasjon under «Retur av varer».

Angrefrist:
Etter Lov om angrerett har kunden 14 dagar angrerett, uansett grunn, frå varen er motteken. For å nytte seg av angreretten må kunden gje Linelaasen.com beskjed om dette anten skriftleg eller munnleg før angrefrist.

Viss varen ikkje kan returnerast i lik stand som ved mottak, kan ikkje kunden rekne med å få tilbakebetalt heile beløpet, men trekt frå eit beløp som svarar til verdiforringelsen av varen.

Vare må returnerast i originalemballasje og pakkes inn i gråpapir som sendes som Norgespakke.

Sjå eiga informasjon om angrerett under «Retur av varer».

Retur: Vilkår for privatpersonar:
Linelaasen.com følgjer innan Noreg prinsippa i Lov om angrerett for returar med rett til pengane tilbake. Lov om angrerett  dekker sal kor det er seljar som tek initiativ til handelen, f.eks. via Direct Mail, eller tilbod til kjøpar ved telefonsal på seljar sitt initiativ. Dette gjeld og ved sal via websider. Varen må returnerast til Linelaasen.com innan 14 dagar frå mottak. For retur kor varen ikkje er i vesentleg same stand som ved mottak, vert det ikkje gjeve returrett med mindre dette er uttrykkeleg avtalt skriftleg med Linelaasen.com på førehand. I slike tilfelle kan ein ikkje rekne med å få tilbakebetalt hele beløpet, men fråtrekket eit beløp som svarar til verdiforringelsen av varen.

Ved korrekt gjennomført retur (i samsvar med angrefrist) tilbakebetalast varen si fulle pris og fraktkostnader til kjøpar.

Retur: Vilkår for firma, offentleg institusjonar og næringsdrivande:
Ingen retur vert godteke utan at dette er avtalt skriftleg på førehand. Vi forsøker likevel å være fleksible med å ta varer i retur og ordne ei løysing som er akseptabel for begge partar.

Retur av varer:
Ulike returårsaker:
Retur – du ønsker ikkje å behalde varen likevel.
Defekt vare – varen er enten skadd eller har feil/manglar.
Feilsendt vare – du har motteke ei vare du ikkje har bestilt.

  1. Retur
    Angrar du på ditt kjøp og ønsker å returnere varen du har kjøpt hos oss?
    Då skal dette gjerast innan 15 dagar etter at du har motteke pakken.
    Varen må være ubrukt og i same stand som då du fekk den. Ved korrekt gjennomført retur (iht. angrefrist) tilbakebetalast varen si fulle pris og fraktkostnader til kjøper.

Slik returnerer du til oss:
Legg tilbake alle varer (du ikkje ønsker) og papir i pakken.
Skriv gjerne ei grunn for returen og ta kopi av faktura/følgjesetel.
Bruk same emballasje (viss denne ikkje er skadd og kan nyttast).
Bruker du anna emballasje, pakk godt rundt varene så dei ikkje skadast under sending.
Du sender pakken anten som A-post eller Norgespakke.

Returadresse er: Linelåsen, Sanddalen 58, 6847 Vassenden

Ikkje send pakken i oppkrav.
Du må sjølv betale returporto, sjå Lov om angrerett .

Når vi mottek pakken blir varen sletta frå din konto.
Har du allereie betalt for varen vil vi sende pengane tilbake til deg etter at vi har fått returen.

  1. Defekt vare:
    Er varen skadd, har feil eller manglar, erstattar vi sjølvsagt denne utan ekstra omkostingar for deg. Kontakt oss så hjelper vi deg med gratis retur av varen.
  2. Feilsendt vare:
    Har du motteke ein vare som du ikkje har bestilt, eller fått ei anna vare enn den du bestilte?
    Kontakt oss så hjelper vi deg med gratis retur av varen og sender straks den riktige varen til deg.

Avtalevilkår i standardkontrakter for forbrukerhandel på internett:
REKLAMASJON – https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1988-05-13-27

ANGRERETT – https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2014-06-20-27

Ikkje henta leveransar:
Ved uavhenta leveransar/pakker vil kjøpar bli kravd for eit beløp tilsvarande sum av følgjende: 100 kroner i gebyr for uavhenta vare til å dekke Linelaasen.com sitt arbeid med forsending (pakking, ordremottak m.v.), verditap på varen frå fakturadato inntil varen igjen er i Linelaasen.com´s eige og utlagde fraktkostnader til og frå kjøper.

Reklamasjonsrett:
Reklamasjonsrett etter kjøpslovens bestemmelar. Sjå «Retur av varer».

Reklamasjon:
Om det ligg føre mangel ved varen som ikkje skuldast kunden eller forhold på kunden si side, kan kunden velgje mellom retting og omlevering eller prisavslag m.m. Retting og omlevering skal skje utan kostnad og utan vesentleg ulempe for kunden innan rimeleg tid og utan risiko for at kunden ikkje får dekka sine utlegg av Linelaasen.com.

Frist for reklamasjon er 2 månader etter at kunden oppdaga mangelen, siste frist er 2 år etter mottak av varen (5 år dersom produktet ved vanlig bruk er ment å vare vesentleg lengre enn 2 år).

Se også «Retur av varer».

Tvistar:
Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Viss dette ikkje lukkast, kan du bringe saken inn for Forbrukerrådet i nærleiken av der du bur. Alle tvistar skal løystast etter norsk rett. Bringast saken inn for domstolen, skal den avgjerast i kjøparen sitt verneting, det vil normalt seie i næleiken av der kjøparen bur.