Kva er Linelåsen?
Kort fortalt er Linelåsen ein nøye designa og støypt låsemekanisme, festa i beltet eller anna hempe via ein karabinkrok, som du kan låse lina/bandet til hunden i sånn at du får hendene fri.
Linelåsen held hunden låst til deg gjennom lina/bandet utan at du treng halde hunden på anna måte. Den er strekktesta, og testa på dei fleste sporliner som er på markedet.
I utgangspunktet var dette eit produkt produsert for ettersøksjegeren, men Linelåsen kan brukast av alle som har hund. Til dømes for å låse bandet når du trenar kvalpen din, skal plukke opp etterlatenskap, byte sele, når du står og pratar med andre, skal ta av/på deg kle, handtere barn som er med deg, treng å handtere/sjekke hunden din på tur, etc.
Sjå video av Linelåsen i bruk
Følg også Linelåsen på Instagram
Logoen til Linelåsen er laget av Hilton Design.